• Fleire reiseliv elevar med stråhattar på er i ein åker og plukkar frå buskar
  • Bilde av bygget med internatet på Møre Folkehøgskule
  • Elevar står rundt frokostbuffet på internatet på Møre Folkehøgskule
  • Ein gut og ei jente smilar til kvarandre på internatet på Møre Folkehøgskule

Folkehøgskuleliv // Gran Canaria

Alt du har høyrt om folkehøgskule. I ditt eige tempo!
Alt om linja

Folkehøgskuleliv // Gran Canaria – Opplev folkehøgskule i ditt eige tempo
Er du spent på å starte på folkehøgskule? Folkehøgskuleliv // Gran Canaria er perfekt for deg som vil prøve noko nytt utan å måtte vere den tøffaste eller mest modige frå starten. Her kan du utforske folkehøgskulelivet i ditt eige tempo, med fokus på fellesskap, venskap, og personleg utvikling.

Dette får du oppleve:

  • Bygg sterke venskap i eit inkluderande fellesskap
  • Delta på spanande reiser m. a. til Gran Canaria
  • Bu på internat med fokus på fellesskap og trivsel

Gjennom året utforskar vi kva det betyr å bu og leve saman, skape minner og vekse som menneske. Er du usikker? Det er heilt normalt – vi tar det steg for steg saman!

Dette er linja for deg som ønskjer ein trygg start på eit nytt eventyr og vil utforske mogelegheiter i varme og inspirerande omgjevnader.

Søk i dag og bli med på reisa igjennom eit folkehøgskuleår!

Ein gut sit og spelar gitar saman med to medelevar på internatet på Møre Folkehøgskule

Elevar på internatet kosar seg saman i oppholdsrommet på internatet på Møre Folkehøgskule

Dette er linja for deg som vil oppleve litt av alt!

På linja «Folkehøgskuleliv» roar vi ned jaget etter dei høgste fjelltoppane og dei største bølgjene. Her får du oppleve internatlivet, venskapet og samhaldet. Du får også lært korleis det er å måtte ta ansvar for ditt eige liv, og å vere klar over at det du er  og det du seier får konsekvensar for både deg sjølv og andre.

På denne linja har vi tid til å snakke og lære kvarandre å kjenne. Gjennom å kjenne andre kjem vi også nærare oss sjølve. I tillegg får du vere med på turar og opplevingar både nær skulen og lenger vekke. Studieturen er planlagt til Japan. Om du ikkje vil vere med på den har vi eit eige opplegg for dei som blir att på skulen.

«Folkehøgskuleliv» er rett og slett linja for deg som vil oppleve dei fine tinga du har høyrt andre fortelle om folkehøgskulen! Etterpå er det di historie som er med på å lokke andre til «eit år dei aldri gløymer»!

{{ slide.caption }}

Studietur høyrer med når du er på folkehøgskule!

Du som er med på linja «Folkehøgskule // Gran Canaria» får opplevd mykje på kort tid. Om du ønskjer å vere med går studieturen til Gran Canaria ut på vinteren. I tillegg får du vere med på hytteturar og andre spennande utflukter gjennom heile året. Det fine med denne linja er at du får prøvd litt av det meste! Om du ikkje vil vere med på den lange studieturen har vi eige opplegg for dei som blir att i Norge!

Passar dette for deg?

Denne linja passar for deg som vil ta ting i ditt eige tempo og som vil lære å verte meir sjølvstendig samstundes som du knyter venskap som varer livet ut. Du treng ikkje vere i spesielt god fysisk form, men du kan gjerne ha lyst til å kome i litt bedre form igjennom året! Det er vi flinke til å hjelpe deg med berre du sjølv vil!

This study is best suited for students who are fluent in Norwegian language.

Portrettbilde av Kristine Velle Rishaug

Har du spørsmål om linja?

Kristine Velle Rishaug
Internat - og kontorleiar
Utdanna ergoterapeut ved Høgskulen i Oslo og starta master i organisasjon og ledelse ved NTNU i Trondheim. Har jobba 10 år som HMS- rådgiver i ulike bedriftshelstenester i Oslo og på Sunnmøre. Har i 5 år jobba som karrierettleiar og hjelpe mennesker tilbake til arbeidslivet. Er ein svært sosial person, er glad i fjell og sjøliv, mennesker og at dei rundt meg skal både trivast og ha det godt, eg likar å reise og er glad i god mat.
Utdanna ergoterapeut ved Høgskulen i Oslo og starta master i organisasjon og ledelse ved NTNU i Trondheim. Har jobba 10 år som HMS- rådgiver i ulike bedriftshelstenester i Oslo og på Sunnmøre. Har i 5 år jobba som karrierettleiar og hjelpe mennesker tilbake til arbeidslivet. Er ein svært sosial person, er glad i fjell og sjøliv, mennesker og at dei rundt meg skal både trivast og ha det godt, eg likar å reise og er glad i god mat.