Friluftsliv X // Bali

Topptur, Klatring og Surf
Alt om linja

Linja «Friluftsliv X // Bali» byr på allsidig friluftsliv på Nordvestlandet og på Bali!  Surfing, havpadling, klatring og skiturar gir deg opplevingar du vil minnast resten av livet. I tillegg skaper du venskap som vil vare langt utover studieåret!

Du blir ein del av naturen både heime og ute i verda!

Vi startar på Sunnmøre, der kjennskap til naturen, kjennskap til oss sjølv og kvarandre førebur oss til studietur og opp mot fire veker på Bali. Erfaringane og opplevingane frå Bali tek du med deg tilbake til Norge for å fortsette å utforske og oppleve Sunnmøre, Sunnmørsalpane, fjordane og havgapet  resten av skuleråret.

Du vil oppleve meistring gjennom friluftsliv, aktivitetar, opplevingar og refleksjon både som enkeltmenneske og som ein del av eit større felleskap.

Valet er ditt

Gå linja heile året eller bli med oss hausthalvåret og kombiner med ei anna av våre halvårslinjer på våren! Valet er ditt! Her finn du informasjon om opplevingar og reiser på hausten og våren.

Haust

Dette kan du oppleve

  • Klassisk friluftsliv
  • Topptur til fots
  • Klatring inne og ute med muligheiter for brattkort for dei som vil ta det på fritida
  • Hav- og fjordpadling
  • Surfing i Hoddevika og på Bali
  • Overnatting under open himmel, i telt/ lavvo, hengekøye og på hytte
  • Mat på bål
  • Singel-/ duodøgn ute

Reise (døme)

Indonesia – Bali, Sunnmørsalpane, Hjørundfjorden, Stadt, Hoddevika, Runde, Loen – Via ferrata

Vår

Dette kan du oppleve

  • Klassisk friluftsliv
  • Topptur på barmark og ski
  • Klatring inne og ute m / muligheiter for brattkort
  • Skredlære og risikovurdering
  • Skiteknikk i og utanfor løype
  • Havpadling
  • Surfing
  • Overnatting under open himmel, i snøhole, i telt og på hytte

Reise (døme)

Sunnmørsalpane, Hjørundfjorden, Stadt, Strynefjellet, Skisenter i fleire kommunar, Loen- via ferrata, Ålesund

Kva koster linja?

Endeleg pris for skulåret vil avhenge om du går heilårslinje eller berre eitt av halvåra. Sjå vår linjevelgar for prisar.

Gå til linjevelgar
{{ slide.caption }}

Studietur Bali

Den lange studieturen (3-4 veker) går til Bali i Indonesia og du vil få vidareutvikle og finpusse teknikken på surfing og dykking saman med resten av klassa di. Du får og oppleve sykkel- og andre turar i unik natur.

Midtveis i turen gir vi ei hjelpande hand til dei som har lite og treng litt ekstra. Dette er frivillig arbeid for barn og unge i dei fattige delane av øya. For mange er dette kanskje den største opplevinga på turen!

Passer linja for deg?

Likar du utfordringar og søker meistringsfølelse? Dette er ei allsidig linje for deg som er i normalt god form og er motivert. Lær deg eit breitt spekter av friluftsaktivitetar i den flottaste naturen i landet og på Bali. Vi tek utgangspunkt i kvar enkelt sine ferdigheiter og legg til rette slik at du blir utfordra ut frå dine forutsetningar.

Søk på linja

Utstyr til linja

Pakkeliste

Som elev på linja «Friluftsliv X, Bali» treng du ein del utstyr. Det er berre å ta kontakt om du lurer på noko når det gjeld utstyr. Mykje kan kjøpast billeg og brukt, og vi gir gjerne råd!

  • Turutstyr +
  • Kle tilpassa tur/friluftsliv +
  • Treningstøy +
  • Sykkel og sykkelutstyr +
  • Skiutstyr +

Utstyr og fasilitetar på skulen

  • Kajakk
  • Skredutstyr
  • Surfbrett
  • Skateboard
  • Telt, lavvo og anna basis friluftsutstyr
  • Gymsal, godt utstyrt for ballspel mm
  • Vekt-treningsrom, godt utstyrt for trening på alle nivå.
  • Tilgang til treningssenter og yoga senter.

Tilgang til klatrehall i Ørstahallen og i Volda

Tilgang til utandørs og innandørs skateparkar i Ørsta og Volda

Har du spørsmål om linja?

Rune Østreng
Linjelærar Friluftsliv X Bali
Bakgrunn fra Høgskulen i Volda med en Bachelor i idrett, samt fordypning innenfor friluftsliv. Har pedagogisk videreutdanning og tar nå en Master innenfor idrettsvitenskap. Jobbet 5 år innenfor helsetjenesten/barnevern. De store lidenskapene mine er innenfor Ski og Surf. Gleder meg masse til å ta dere med på alle opplevelsene.
Bakgrunn fra Høgskulen i Volda med en Bachelor i idrett, samt fordypning innenfor friluftsliv. Har pedagogisk videreutdanning og tar nå en Master innenfor idrettsvitenskap. Jobbet 5 år innenfor helsetjenesten/barnevern. De store lidenskapene mine er innenfor Ski og Surf. Gleder meg masse til å ta dere med på alle opplevelsene.