Reiseliv // Norge, Europa & Asia

Reiser med meining
Alt om linja

På linja «Reiseliv // Norge, Europa & Asia» er du med og lagar og gjennomfører turar til både fjern og nær! Vi bruker hausten på å verte kjende med Norge og Europa, for så å snu blikket mot austlege Asia for å oppleve fleire land der i andre semester! Målet er å gjere dei beste reiseopplevingane saman og på ein meir miljøvenleg måte!

Gruppebilde med elevar frå Reiseliv linja

Opplev Norge, Europa og Asia på eitt år!

Verda er vårt klasserom. Vi startar nær oss i Norge før vi tek steget ut og besøker eit reisemål i Europa på slutten av det første halvåret.

Etter jul ser vi lenger ut i verden. Då lærer vi om andre kulturar og korleis vi skal planlegge og gjennomføre gode reiser der vi besøker land og folk som er ganske så ulike oss sjølve!

Miljø og fotavtrykk er sentralt i diskusjonen heile året. Du får lære deg å kombinere kunnskap om framande kulturar med korleis vi kan byggje forståing mellom land og folk samtidig som vi på ein trygg måte gjer vårt for å ta vare på kloda vi bur på!

Valet er ditt

Gå linja heile året eller bli med oss eit halvår, valet er ditt! Her finn du informasjon om opplevingar og reiser på hausten og våren.

Haust

Dette kan du oppleve

  • Grunnleggande turplanlegging
  • Kunnskap om Norge som reisemål
  • Kunnskap om Europa som reisemål
  • Prisvurdering og innhenting av tilbud
  • Vurdering og prioritering av opplevingar
  • Lagbygging på tur
  • Risikovurdering
  • Berekraftig reiseliv

Reise

Ørsta/Volda, Sunnmøre, Norge og europeisk storby

Vår

Dette kan du oppleve

  • Kunnskap om Asia (Japan, Kina, Taiwan, sør-Korea)
  • Kulturforskjeller mellom Norge og Asia
  • Japansk, kinesisk eller koreansk språk
  • Asiatisk matlaging
  • Reiseplanlegging og gjennomføring
  • Nær-reising. Fjell- og gåturar ved skulen
  • Lagbygging på tur

Reise

Lang studietur til Asia (for eksempel Kina, Japan, Taiwan)

Kva koster linja?

Endeleg pris for skulåret vil avhenge om du går heilårslinje eller berre eitt av halvåra. Sjå vår linjevelgar for prisar.

Gå til linjevelgar
{{ slide.caption }}

Studieturar i Norge, Europa og Asia

Vi bruker første halvår på å reise i kjente trakter. Først er det lokale reisemål vi planlegg og gjennomfører tur til. Etter haustferien reiser vi til ein europeisk by. Mellom vinterferie og påskeferie går turen til Asia. På ein lang studietur skal det vi har lært settast ut i praksis. Du skal både planlegge og booke turen du sjølv skal reise på!

Passer linja for deg?

Er du eventyrlysten og interessert i berekraftig reiseliv? Dette er ei allsidig linje for deg som både vil sjå og forstå verden!

Du må vere interessert i, og ha respekt for, andre land og andre skikkar. Når vi reiser er vi gjester og på Møre skal vi lage reiser med meining der vi viser respekt for det og dei vi møter når vi er på tur!

Søk på linja

Utstyr til linja

Pakkeliste

Som elev på linja «Reiseliv Europa & Asia» treng du ikkje mykje utstyr. Du må ha kle og sko tilpassa reisemåla du skal besøke.  Det er berre å ta kontakt om du har spørsmål når det gjeld utstyr.

Det kan vere greitt å ha ein sykkel som du kan bruke i nærområdet til skulen!

Utstyr og fasilitetar på skulen

  • Kajakk
  • Telt, lavvo og anna basis friluftsutstyr
  • Gymsal, godt utstyrt for ballspel mm
  • Vekt-treningsrom, godt utstyrt for både nybegynnarar og deg med erfaring frå treningssenter
  • Nokre utlånssyklar

Tilgang til klatrehall i Ørsta og i Volda

Tilgang til utandørs og innandørs skateparkar i Ørsta og Volda

Portrettbilde av Qiu Sumin

Har du spørsmål om linja?

Sumin Qui
Linjelærar Midtens Rike
Utdanning i språk, litteratur og lingvistikk fra universitetet i Beijing og i Stockholm. Jobba som lærer på universitetet i Beijing og som tolk og oversetter både i Kina og Skandinavia. Skreddersydd og ledet utallige reiser både for grupper og individuelle bakcpackers til Kina og andre asiatiske land. En av to lærere på kinalinjen med over 15 års fartstid.
Utdanning i språk, litteratur og lingvistikk fra universitetet i Beijing og i Stockholm. Jobba som lærer på universitetet i Beijing og som tolk og oversetter både i Kina og Skandinavia. Skreddersydd og ledet utallige reiser både for grupper og individuelle bakcpackers til Kina og andre asiatiske land. En av to lærere på kinalinjen med over 15 års fartstid.