Tidlegare elev: – Eg valgte Møre Folkehøgskule fordi det var den einaste folkehøgskulen i landet som kunne tilby animasjonslinje.

– Etter å ha gått allmennfag på vidaregåande, så var eg klar for noko nytt, og då var animasjon noko som trigga meg. Året i Ørsta var fantastisk! Så mange nye vener, så mange klemmar, og så mange nye opplevingar! Eg sette utruleg pris på alle valfaga eg fekk i tillegg til animasjonslinja, og keramikk vart nok ein favoritt hjå meg. Og så er det ein stor pluss at skulen ligg midt i hjarta av Sunnmørsalpane.

Noe nyttige tips til animasjonselever? – Prøv, ha det gøy, og lær! Animasjon krevjer tolmod, men det er utruleg moro. På Møre Folkehøgskule kan du lære deg animasjon utan å kunne for mykje om det frå før, og det kan opne dører til vidare utdanning. På folkehøgskulen har du lov til å eksperimentere, og det er det berre å nyte!

Videreutdanning etter Møre fhs og animasjonslinja? – Eg tok eit år på animasjonskunst på NISS (Nordisk Institutt for Scene og Studio) i Oslo. Etter det har eg tatt bachelorgrad i journalistikk i Volda, og fekk tatt andre året i Tyskland. Då lærte eg blant anna 3D studio max.

Hva gjør du nå? – No går eg på Mastergradsstudium i dokumentar og journalistikk i Volda, og jobbar for tida med ein dokumentarfilm på studiet. Kanskje litt animasjon må brukast?

Eksperimentell animasjon: www.youtube.com/watch?v=ifcMSFtN974
State of mind: http://vimeo.com/user4849248/videos
Wohnsinn: http://vimeo.com/26617736

Kari Nygaard Tvilde / Animasjon Japan