Gunn Elise: – Tenk deg, det er slutten av januar og du står på eit fjell 4630 m.o.h. 10 550km heimafrå. Dette er berre ei av mange erfaringar du sit igjen med etter eit år på folkehøgskule. Sjølv om studieturen var spektakulær, er det kvardagen eg sit igjen med flest minne frå. Mange toppturar og overnattingsturar, plassar eg lengtar tilbake til og ein klump i magen kvar gong eg ser bilete av ein pudderdekt fjelltopp i Sunnmørsalpane.

– Ved å gå på ein skule med små klassar får du eit år der du blir sett, hørt og tatt på alvor. Åtte månadar på Møre folkehøgskule ga meg betre sjølvtillitt og mange augneblink med enorm mestringskjensle takka vere ein lærar som pusha grensene mine. Frå å vere redd for vatn, til å surfe, stå på wakeboard, rulle med kajakk og kite. Frå å trivast aller best inni komfortsona, til å elske å utfordre den!

– Ei blanding av engasjerte ansatte og eit enormt sosialt samhald gjer folkehøgskulen til ein trygg arena å vokse på som person. I tillegg til å bli bedre kjend med deg sjølv blir du kjend med ein mengde nye folk. Ved å gå på ein skule der variasjonen i linjeutvalget er stort kan eg garantere deg at du finn nokon med same interesser som deg.

– Kunnskapsminister Guri Melby anbefalar alle eit år på folkehøgskule. Eg anbefalar alle eit år på Møre folkehøgskule!

Gunn Elise Børset / Friluftsliv Sunnmørsalpane 2019/2020