Fredag 16. september var det førstehjelpsdag på folkehøgskulen. Elevane var delte inn i grupper på tvers av klassene og brukte dagen i ei 6-stasjoners løype der ulike tema vart undervist om og ikkje minst utprøvd i praksis.

Det var stort engasjement i elevgruppene og fleire sa tydeleg at dei sette pris på denne opplæringa då det diverre brått kan vere noko dei får bruk både på og utanfor skulen.

«Ulykker og nødsituasjonar skjer aldri når det passar» sa ein av instruktørane. Då er det den som er på staden som må syne initiativ og prøve å berge liv og nettopp det er det som er tema for førstehjelpsdagen på Møre Folkehøgskule.

Bevisstløs person, blokkering luftvei
Forflytning pasient
Hjerte- og lungeredning (HLR)
Hypotermi

Brannøving og test av brannmelding

I etterkant av førstehjelpsdagen var det også test av brannvarslinga og rutinane for dette på folkehøgskulen.

Alle elevane var på romma når alarmen vart utløyst slik at dei vart kjende med korleis det høyrest ut når brann blir meldt. Det vart då også øvt på oppmøte på samlingspunkt før det var ein felles gjennomgang og utveksling av erfaringar til slutt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.