Nyheiter frå Møre Folkehøgskule

Matauk og hausttakkefest

Veke 38 vart brukt til matauk på Møre Folkehøgskule! Matauk er eit lokalt uttrykk for «å skaffe seg mat», og det var nettopp det vi gjorde denne veka på skulen. Elevane fekk velje mellom fleire aktivitetar som alle hadde som fellesnemnar å skaffe mat frå naturen for så å lage til og servere denne. Gruppene varierte frå fridykking med plukking av kamskjell, via sauesanking, mat på bål, ......
[26. september 2022] Meir

Førstehjelpsdag på Møre Folkehøgskule

Fredag 16. september var det førstehjelpsdag på folkehøgskulen. Elevane var delte inn i grupper på tvers av klassene og brukte dagen i ei 6-stasjoners løype der ulike tema vart undervist om og ikkje minst utprøvd i praksis. Det var stort engasjement i elevgruppene og fleire sa tydeleg at dei sette pris på denne opplæringa då det diverre brått kan vere noko dei får bruk både på og utanfor skulen.
[16. september 2022] Meir

Ledig stilling: Byggdriftar (vaktmeister i særklasse) ved Møre folkehøgskule

Vi har ledig stilling som Byggdriftar (vaktmeister i særklasse) ved Møre folkehøgskule. Byggdriftar er ein sentral person ved skulen og har ansvar for drift og vedlikehald av bygningar med teknisk infrastruktur, brannsikring, skulen sine køyretøy og uteområde. Skulen har fokus på energiøkonomisering og berekraft og har siste åra investert i anlegg for både jord- og solvarme. Søknadsfrist: Snarast, men seinast 10.06.2022.
[16. mai 2022] Meir

Animasjonsklassen reiste på studietur til Estland

Fra den 30. mars til 8. april dro animasjonsklassen på en ellevill reise til vår kjære lærer Tiinas hjemland Estland. Vi startet med å henge flere timer på Gardermoen flyplass før vi endelig kom fram til Tallinn klokken elleve om kvelden, der vi etter to turer med trikk dro til våre tildelte hotellrom og slo oss til ro. De neste 5 dagene ble brukt på å utforske alle mulige kriker og kroker i hovedstaden.
[3. mai 2022] Meir

Kristine Velle Rishaug er tilsett som internat- og kontorleiar hos Møre folkehøgskule

Kristine Velle Rishaug er tilsett som internat- og kontorleiar hos Møre folkehøgskule frå 01.08.2022. Kristine er 42 år gamal, busett i Ørsta og kjem frå jobben som jobbkonsulent i Furene AS. Ho er utdanna med bachelor i ergoterapi og er i gang med ei mastergrad i organisasjon og leiing ved NTNU og har der nettopp avslutta eit delkurs i berekraftig omstilling. Vi gler oss til å få Kristine med på laget og med det sikre at vi kan halde fokus på både internat- og kontorbiten hos Møre folkehøgskule framover!
[24. april 2022] Meir

Linja Friluftsliv Sunnmørsalpane på studietur til Lofoten

For andre år på rad har hovedformålet med turen nordover vært å oppleve surfing og toppturer i noe av det mest eksotiske landskapet Norge kan tilby. Bortsett fra toppturer i Sunnmørsalpane i Møre og Romsdal. Fokus ligger på å gjennomføre aktivitetene i god stil på en måte hvor elevene har det fint og samtidig har mulighet for å lære praktisk og anvendbar kunnskap. Dette kan for eksempel være trygg ferdsel i skredterreng og surfing vinterstid i Nord-Atlanteren.
[21. mars 2022] Meir

Ledig stilling: Internat- og kontorleiar ved Møre folkehøgskule

Vår nye internat- og kontorleiar vil få ei sentral rolle ved skulen. Du får ansvar for både det sosialpedagogiske arbeidet med å skape eit trygt bumiljø for elevane samt å organisere arbeidet knytt til kontor- og administrative oppgåver. Kunnskap om rekneskap, økonomistyring, marknadsføring og IT er kompetanse som kan vere verd å framheve for deg som søkjar. Søknadsfrist 1.3.2022.
[21. februar 2022] Meir

Møre folkehøgskule er klar for verda – pandemien misser makta!

Etter to år med unntakstilstand der vi på skulen stadig har vore nøydde til å improvisere og endre planar, er det godt å sjå at ting no blir stadig meir normale igjen. No i februar har vi to klasser på tur i utlandet. Ei klasse er i Thailand og ei på Fuerteventura. Neste månad sender vi nok ei klasse på ein lang tur til Thailand, ei skal til Estland og to klasser reiser på opplevingstur til Lofoten. Det er spennande å vere elev på Møre Folkehøgskule sjølv om det er pandemi!
[16. februar 2022] Meir

Stor søknad på Møre fhs Friluftsliv X Bali – opprettar ekstra klasse

Friluftsliv X klassa på Møre Folkehøgskule med topptur, klatring og surf er populær. Om det er surfing i Hoddevika, toppturar i Sunnmørsalpane, via Ferrata i Loen eller fantastiske opplevingar på studieturen til Bali skal vere usagt, men etter å ha fått langt fleire søknadar enn vi har studieplassar vil vi no i første omgang doble kapasiteten og tilby plass på to klasser neste år.
[16. februar 2022] Meir

Åh, så du tror vi bare sitter og animerer?

Animasjonslinjen er infamous for å bruke mye av tiden sin inne på klasserommet, noe som ikke er usant, men det betyr ikke at vi ikke er sosiale. Klasserommet er der det skjer og vi finner alltid på noe, enten det er å se en film sammen eller spill-tournament. Det oppstår stadig små sirkler med folk som prater som bare blir større og større, og hvis noen finner på noe gøy henger mesteparten seg på.
[27. januar 2022] Meir