Det knyter seg mykje spenning til seks veker i Sør-Afrika, Swaziland og Mozambique med tett program og møte med mange nye menneske.

Elevane i Adventura-Afrika er klar for tur. Det blir møte med afrikansk ungdom, møte med ein annaleis kultur og natur. Du kan følgje med klassa her på skulen sine heimesider; www.more.fhs.no , finn «Siste nytt» eller Adventura-Afrika / Aktuelt frå linja. Der finn du og reiserute 2009. Du kan og følge med på turen på klassa sin eigen blogg: http://adventuraafrika.blogg.no/.  Dersom du vil abbonere på nyheitsbrev frå skulen; fyll ut namn og e-postadresse under menyen på venstre side.

God tur til alle som skal reise!

Adventura-Afrika i Tafjordfjella
Adventura-Afrika i Norsk natur, – på tur i Tafjordfjella, september 2008.