Elevane testa balanse og konsentrasjon i den nydelege Hoddevika

Mandag den 16 oktober reiste vi fulllasta med utstyr avgårde til vestlandets mest kjende surfespot, Hoddevika. Åpent hav, ei kvit sandstrand og nokre få hus var det som møtte oss då vi kom over fjellet og skimta ned i den flotte vika. Tirsdags morgon drog vi på oss tjukke våtdrakter og kunne endeleg prøve oss i dei vel 1,5-2,0 meter høge bølgene. Etter litt knall og fall i det kvite skummet, klarte fleire å komme seg opp på brettet. Ein etterlengta dusj, mat, laging av tradisjonsrike armbånd frå Hawaii og seng vakna vi opp til sol og blå himmel onsdags morgon. Dette vart ein flott dag med perfekte bølger, og mange av elevane byrja verkeleg å få kontroll på surfinga. 

CIMG0365 CIMG0383
CIMG0376 CIMG0385
CIMG0389 CIMG0401
CIMG0394 CIMG0392
CIMG0382 CIMG0380