Snøstorm stoppa toppforsøket.
I kraftig vind starta vi på det som skulle være høstens første topptur – Slogen. Etter å ha gått Langseterdalen, og bokstaveleg talt blitt «tatt av vinden», innså vi vel at det kunne verte vanskeleg å nå toppen – men vi valgte å gjere eit forsøk. Sekkane vart satt att ved Steinreset, og vi la i veg mot toppen. Etter å ha blitt piska i anledet av regn, hagl, sludd og snø kombinert med kraftig vind, bestemte vi oss for å snu. Det var godt å komme på Patchellhytta, få på tørre klær, eit godt måltid, og triveleg prat utover kvelden. Dagen etter gjekk vi ned Skylstadbrekka i regn og delvis skodde. Det vart og tid til eit besøk på Hotell Union Øye, før vi drog heim til Ørsta.
![]() |
![]() |
Slogen | Ein blid og nøgd Ole Jakob |
![]() |
![]() |
…..underveis….. | Ingvild og Ingvild studerer kartet |
![]() |
![]() |
Ein litt betenkt Peter | På veg mot toppen |
![]() |
![]() |
Toppen, før det begynte å snø.. | Det var godt å komme på hytta og slappe av |