Tysdag i veke 36 la «Egypterane» ut på første linjeturen dette skuleåret
Etter mykje diskusjona grunna dårlege vermeldingar, vart vi einige om å reise til Tafjordfjella og Reindalsetra. Turen til Reindalen starta fint med opphaldsver, men før vi kom fram til setra regna det så det holdt, og vi vart gjennomblaute. Reindalssetra er ei stor og fin «hytte», så vi fekk tørka både oss sjølve og alt utstyret. Dagen etter var veret såpass bra at vi bestemte oss for å gå til Veltdalshytta. Det skulle vise seg og bli eit godt val. Turen oppover Veltdalen var flott med mykje vakker natur. Grunna mykje nedbør såg vi både dei sju, åtte og ni søstre i form av små fossefall. Vel framme var det matlaging og div. spel. Dagen etter vakna vi til eit nydelig ver med sol frå nesten skyfri himmel. Etter å ha besøkt Fieldfarehytta, hadde vi ein fin tur ned ville vakre Veltdalen tilbake til til Reindalssetra. Dagen etter var det vasking og rydding av hytta før vi satte kursen mot Ørsta og folkehøgskulen. Første turen var gjennomført i flott stil med nøgde elevar, assistent og lærer.
![]() |
![]() |
Litt kartstudie før avgang | Så er vi på veg |
![]() |
![]() |
Her er vi komen til Reindalsfossen | Maren, Eva og Linda, våte, men like blide |
![]() |
![]() |
Karoline får hjelp av Simen….. | ….medan Elise er litt mere skeptisk |
![]() |
![]() |
Karoline gjekk gjennom brua… | …sånn enda det |
![]() |
![]() |
Innover Reindalen | Jo Sturla i nydeleg landskap |
![]() |
![]() |
Vakkert oppover Veltdalen | Annicken, Hedda, Thea og Karoline |
![]() |
|
Dette vakna vi opp til etter ei natt på Veltdalshytta | |
![]() |
![]() |
Silje, Eva, Annicken og Ammy utanfor Fieldfarehytta | Nore, Linda og Thea i luftig svev |
![]() |
![]() |
Silje,Eva,Maren og Ingvild vil og hoppe… | …men det enda slik |
![]() |
![]() |
Ingvild ivrig blåbærplukkar | Jo Sturla slappar heller av |
![]() |
![]() |
Simen prøver å lokke nokre av jentene over |
medan Jo Sturla hoppa i det |
![]() |
|
Alle på brua (minus fotograf Ole) ovanfor Reindalsfossen, på veg til bussen og heimtur |