I tre dagar har vi lært om snø, skred og trygge vegval.
Når vi ferdast i vinterfjellet er det nødvendig å ha ein viss kunnskap om trygg ferdsel. «Egypterane» har fått ei lita innføring i korleis ein kan vurdere snø og snøforhold i forhold til skred. Tre av dagane i veke fire vart brukt på Standaleidet. Der vart det m.a. gravd snøprofilar, tatt stabilseringstestar og undervist i korleis søk i skred går føre seg. Det vart «laga» eit skred der elevane fekk prøve søk med søkestang. Under kan du sjå korleis vi hadde det.
![]() |
![]() |
Magnus forklarer før vi starter. | Jorunn og Tonje graver snøprofil. |
![]() |
![]() |
Bente og Marina i djup konsentrasjon… | Heidi og Iris med litt sprell. |
![]() |
![]() |
Kristin viser fram ein veldig god snøspade | Ein velfortjent matpause… |
![]() |
![]() |
… litt leik og moro… | …før vi «laga» eit skred. |
![]() |
![]() |
Søk i skred. | Funn og utgraving. |
Dei som ville fekk prøve korleis det er å være gravd ned i snø. Under er det Tonje som er «offeret».
![]() |
![]() |
![]() |
Nedgravd. | Utgraving. | Godt å vere på beina att! |