«Egyptarane» sin første tur i Tafjordfjella med kreative inspel frå værgudane si side.
I veke 36 starta det som skulle bli Adventura Egypt sin første langtur i Tafjordfjella. Med buss frå skulen, via Valldal, til Zachariasvatnet, gjekk turen vidare til fjells. Med Reindalssetra som camp, vart det lagt til rette for diverse aktivitetar både på, og rundt hytta. Neste morgon vart sekken pakka for ein tur til Veltdalshytta. På ca 1000 m.o.h fekk klassen eit uventa møte med snøen, og valgte å vende attende til Reindassetra. Neste dag vart det ny fjelltur til Hulderkoppen, no i tjukk skodde. Våte, men nøgde kom vi «heimatt» fredag. Første turen var gjennomført med stil.
![]() |
![]() |
Stine og Kine er klar for tur. Mats er litt meir betenkt… | Så er vi i gang |
![]() |
![]() |
Det var stor vassføring i elvane | Aurora kosar seg i sola |
![]() |
|
Det gjer alltid godt med ein pust i bakken | |
![]() |
![]() |
På tur i skodda | Ikkje alltid like lett å krysse elvane |
![]() |
![]() |
Ole Jakob, Peter og Reindalsfossen | Kristin fekk laga seg ein snømann |
![]() |
![]() |
Vinter i fjellheimen | Kveldsaktivitetar på hytta |
![]() |
|
Heile gjengen foran den 1000 år gamle storfurua i Reindalen | |