Tysdag og onsdag i veke 49 vart litt annerleise daga for «Egypterane»

Med berre spørsmålsteikn på timeplana, var det nok mange som var litt spent på kva tysdag og onsdag skulle innehalde. Første stopp var Fjordane Folkehøgskule på Eid. Her fekk elevane prøve seg på hesteryggen. Med beskjed om å hoppe på hesteryggen i fart,  vart dei fleste ganske betenkt, men det gjekk over all forventning. Under lunsjen fekk vi ei lita oppvisning av sirkuselevane. Så bar det utover til Måløy videregåande skule og besøk på Maritim fagskule. Her fekk elevane prøvd seg som skipper i dei ulike simulatorane som skulen har. Neste stopp var Ulsteinvik og folkehøgskulen der. Her kosa vi oss i badestamp under ein stjerneklar himmel, og godt med minusgrader ute. Dagen etter var det klatring i Sunnmørshallen, før vi satte kursen heim til Ørsta att. Mange sit att med nye erfaringar både når det gjeld hest og klatring. 

                                          Ein spent gjeng i ridehallen
                            Stine og Vegard med flott turning på hesteryggen
Gutta boys – slett ikkje så tøffe som dei gjer uttrykk for          Blide jenter utanfor stallen
    Miriam og Tonje i ein av simulatorane    «Styrmann» Heidi gjer så godt ho kan
    I stampen – ser slett ikkje gale ut   Kameratsjekk – ein viktig ting i klatring
                          Iris på veg opp med ei solid sikring av Heidi, eller…….
           Åge og Iris i «parklatring»    Marina og Espen prøvar buldreveggen
             Heidi, Torunn, Åge, Henrik og Anja med ulike buldreteknikkar