Trass i ein regnfull haust har vi fått gjort ein del ting ute. Fokuset har vore å bli godt kjent og fungere saman som gruppe.

Å drive friluftsliv er utfordrande på mange måtar, og når veret ikkje har lyst å spele på lag med oss, kan utfordringane av og til bli litt for store. Vi har prøvd oss på ulike opplegg. Noke har vi gjennomført, andre gongar har vi snudd og retunert heim, eller vi har måtte avlyse og tenkt kanskje ein annan gong 🙂

Veke 37 var veka då vi skulle lære om kystfriluftsliv, men det satte kraftig vind ein stoppar for. I staden vart det «korleis laga vi ein god leirplass»? Under kan du sjå korleis det gjekk

På plass i Skåtahølen, lunsj før rigging av leir Hedda og Jossi kosar seg med eit godt måltid
     Leirplassen begynner å ta form Anniken, Elise, Hedda og Maren viser stolt fram lokket til kompostgropa
Bygging av latrine. Det regna ganske kraftig. Ferdig latrine, men her er også vi rimelig ferdige og må retunere tilbake til skulen…

 

Så var det klart for «mataukveke», og vi drog i skogen for å finne sopp.

Etter ein liten sykkeltur smaka det alltid med mat. Ammy og Karoline nyt matpakken i sol 🙂
Her har vi komen over ein flott plass med mykje traktkantarell      Simen ser på «fangsten» så langt
    Vilde litt stolt over dagens utbytte      Her sorteres dei ulike soppartane

Sjølv om veret gjorde at vi ikkje fekk prøvd kystfriluftslivet slik vi hadde planlagt, sette vi nokre teine og garn for å få ein liten smakebit – bokstaveleg talt.

Her har vi laga bål, og koka krabbe og hummer som vi fekk i teinene    Mykje god og flott rogn i hummaren
Maren og Ingvild prøvar å få i seg litt krabbe Elise med ei krabbeklo. Ikkje alltid like lett å få tak i maten inni

 

Noke av det siste vi gjorde før haustferien var elvjuving saman med ei klasse frå SUFH. Her fekk vi verkeleg føle på kroppen kor stri elva kan vere sjølv om ho ikkje er så stor.Nokre bileter frå juvinga.

    Litt prat og mat før vi sette i gong        Mari med ein forsiktig start
Yess, tørre så langt. Silje og nokre elevar frå SUFH             På veg oppover elva
Ammy, problem eller berre ein liten kvil..?          Godt med ein liten pause
                    Meir og meir vatn etterkvart som vi klatra oppover elva
                           Vi hadde flotte naturopplevingar undervegs
Her prøver nokre av elevane å krysse elva             Så langt går alt bra
   Med godt samarbeid kom dei seg over    Det vart òg nytta tau enkelte stader
Her var den tøffaste passasjen. Vi ser såvidt ein av elevane på veg over. Sjølvsagt hadde vi tau som sikring          Ein våt, men nøgd gjeng