Etter fire veker i Egypt var det godt å kome tilbake til «gamlelandet»

Så er Egypt-turen over og vi ha vore heime ei vekes tid. Under følgjer nokre bileter frå ørkensafari og felukkaturen. Vi sit att med mange sterke inntrykk, opplevd mykje og blitt ein ganske sammenspleisa gjeng.

Vi var på ein tredagers safaritur kor mykje av dagan vart tilbragt på kamelryggen. Når kvelden kom vart det rigga leir. Etter gode måltid og kos rundt bålet med tromme, sang og dans, gjorde vi oss klare til overnatting under stjernehimmelen. Ei flott oppleving.

            Heile klassa samla på ein tilfeldig sandyne i Sahara, hugs vatnflaska!
     Første turen på kamelryggen.   Ein arabisk versjon av «Elg i solnedgang».
   Her var campen for natta satt opp.     Frukost saman med beduinane.
          Morgonstell i ørkenen…            Ingvild som satsar høgt.
5
    Mari vert betre kjend med kamelen sin.       Heile gjengen på kamelryggen.
                 Peter i luftig svev             vatn, vatn, VATN!!

     leik og morro etter mange timar på         kamelryggen

           O-Jay tar god sats..
            så rei me ut i ørkenen, og alle levde lykkelig alle sine dagar.

Så var det klart for felukkatur. Ein felukka er ein spesiell type seglbåt som vert brukt på Nilen. Med oss hadde vi eit flott nubisk mannskap som trylla fram dei lekraste matrettar og skapte ei fortryllande stemning om kveldane. Dette skulle vise seg å bli ei fin og roleg avslutning på Egypt – turen vår.

 

        Slik ser ein felukka ut. Her har me akkurat begynt segleturen frå —– til Aswan
felukka
          Kapteinen på båten.       Ingvild prøvar seg som seglar.
  Shisha høyrer med båtlivet langs Nilen..    Her er nokre rare skapningar me såg i buskane.
    Felukkaen stranda grunna tidevatn.   Kristin og Mari som kosar seg bak i båten.