Nøgde elevar ferdige med dykkersertifikatet

Vel framme i Marsa Alam sjekka vi inn nokre fantastiske (og primitive) stråhytter. Her skulle vi bu ei veke. Oi, tenkte vi. Men etter nokre timar kraup sjarmen frå denne lille staden inn i hjarta våre. Med palmeblad som tak og utan ein einaste stol, hadde vi ei heilt fantastisk veke mellom havet og ørkenen. Her har vi dykka, snorkla, svømt med delfinar, nemo, hai og skilpaddar. På land har vi hatt dykkerteori, køyrt fir-hjuling, ridd på esel, sola oss og ete god mat. Då vi sette kursen mot Luxor var vi stolte over å ha fått dykkersertifikat! Vi fekk med oss mange fine opplevingar vidare.                               

                         Stemningsbilete, førebuing til dykking og dykkinga

ma14 sremning ma11 hytter
ma10 sol ma17 titanic
ma3 ma9
ma8 ma18 sjekk
m a 1 ma4
ma7 marsa alam small
ma6 ma15 gruppa