Adventura elevane har snirkla seg sørover mot Sudan. Tog til Luxor, 3 døgn segling i Felukka til Aswan, og i dag med buss gjennom ørkenen til klippetempelet Abu Simbel.

Egypt skal levast og opplevast. Langsame dagar, tidlege morgonar der songen frå Moskeane halvt i søvne fortel at du er i ein annan kultur, ettermiddagar med fotballkamp på Nilen sin elvebank, ein dukkert i Nilen og seine kveldstimar til solnedgang og leirbål.

I Øvre Egypt har tida på mange måtar stått stille og klokka kan du putte i sekken. Liv og levesett er fjernt frå vår stressa teknologiske verd og gir ro i sjel og sinn.

Adventura har nådd den sørlegaste byen i Egypt, Aswan og har tatt seg vidare sørover mot grensa til Sudan i buss gjennom ørkenen for å oppleve Abu Simbel. Det store klippetempelet som to gongar i historia har vore unikt – den gongen det blei bygd og den gongen vår moderne teknologi gjorde det mulig å flytte det for å berge det for ettertida etter at Aswandemninga blei bygd og Nassersjøen danna.

Aswan er Nubiarane sin by og meir Afrika enn det vi tradisjonelt tenker på som Egypt. Lukt, fargar, menneske, musikk, dans og kultur er Afrika.

Etter eit par dagar til i Øvre Egypt, går ferda med båt over Raudehavet og til Sinai der nye og heilt andre opplvingar ventar.

Adventura_Egypt_nyhet_23012006_595px_07