Ski og snowboard vart pakka fram, og ein optimistisk gjeng satte seg i bil og buss, og starta turen på det som skulle bli årets første skitur.

Onsdag 10.01 trossa vi vær og vind og satte kursen mot Bondalseidet i håp om å finne snø, og det fann vi. Sjølv om forholda ikkje var dei aller beste, fekk vi ein liten smakebit av korleis det føltes å ha snø under beina. Nokre gjekk ein tur i det som skal være lysløype, medan andre sleit seg opp til toppen av skitrekket. Alle kom seg velberga ned att, og årets første skitur var eit faktum.

IMG_5900
IMG_5902