Onsdag i veke 4 vart skiutstyr, varme klede og godt med mat pakka, og kursen satt mot Standalhytta.
Med sol frå skyfri himmel hadde vi eit godt utgangspunkt då vi starta turen til Standalhytta. Store mengda nysnø gjorde at rasfaren var stor, og derfor ingen skitur til fjells. Det vart bestemt at vi skulle lage eit skileikanlegg i området rundt hytta. Etter vel to timers innsats hadde vi bygd orgeltramp, hoppbakke med stort hopp, seriehopp og kular og staup. Innsatsen i dei ulike løypene var upåklagelig. Etter timar ute, var det godt å komme inn i ei varm og god hytte. Der vart det deilig gryterett til middag, utpå kvelden:pannakakesteiking,kortspel og kos. Dagen etter vart brukt til m.a.leik i snøen, hopping frå taket på hytta…før vi returnerte til skulen. Nok ein fin tur var over.
![]() |
![]() |
På veg til hytta var det fleire ting som måtte ordnast | Vakre Sætretindane |
![]() |
![]() |
Benedicte fornøgd med å være framme | Erik, Beate og Peter kosa seg i fineværet |
![]() |
![]() |
Mykje jobbing måtte til….. | ….før anlegget kunne prøvast |
![]() |
![]() |
Pause i arbeidet var og viktig meinte Joakim | Appelsinstafett var ein annan aktivitet… |
![]() |
![]() |
Peter prøva ferdighetene på truger… | Kristine i djup konsentrasjon i orgeltrampløypa |