I eit kraftig regnvær gjennomførte adventuraklassa ein dag med sykkelorientering.
Etter å ha gått gjennom kart og postplassering, var det klart for start på den 35 km lange turen. Det må vel seiast at ikkje alle var like nøgde. Været var på ingen måte med oss. Regn, med tildels snøbyger, følgde oss på heile turen. Undervegs var vi innom hytta til Olav. Peisvarme og servering av varm drikke hjalp godt på. Verre var det å ta på kliss våte klede og fortsette turen… men alle kom vel i mål. Etter ein varm og god dusj, var det blide og nøgde fjes å sjå.
![]() |
![]() |
Er vi på rett veg mon tro..? | Ein tilsynelatande glad og nøgd gjeng. |
![]() |
![]() |
Kristine og Karoline studerer kartet | Erik sin sykkel..Kan han ha glømt den..? |
![]() |
![]() |
Åhhh, vi har seks posta att. | Det var godt å få varma både hender og føter på hytta til Olav |