Så var alt klart for vinterturen på ski.

Tirsdag i veke 12 var vi klar for tur til Brøstet og Pyttdalen med Pyttbua som base. Værutsiktene var gode, så vi var ved godt mot. Det som møtte oss då vi steig ut av buss og bil på Brøstet var 50-60 cm. nysnø. Vi skjønte fort at vi kom til å få ein hard tur inn til Pyttbua. 21 km løypelegging innover dalen tok oss åtte og ein halv time, og dei fleste av oss har vel sjeldan vore så slitne.

Dagen etter var halve gjengen klar for tur til Pyttegga 1999 m.o.h. I eit nydeleg vær, men med ganske kraftig vind kom dei seg opp og ned att.. Imponerande! Dei som ikkje var med på toppturen brukte m.a.dagen til å bygge ulike levegger i snøen. Tredje dagen vart brukt til å lære litt om søk i skred, og bygging av snøhule. I knallhard snø klarte vi å bygge ferdig to snøhuler som seks av elevane overnatta i.

Fredag hadde vi ein fin tur ned att til Brøstet, i oppkjørte løyper.. Vinterskituren var over, og alle kan være stolte over det som vart prestert.

busstrøbbel klarte det
  Glatt føre skapte litt problem for bussen….. .              ….men vi fiksa det….
mykje snø morrastemning
      Mykje snø gjorde turen til eit slit                  Morgonstemning
løypelegging på veg te topps
          Løypelegging til Pyttegga                  På veg til toppen
toppen nådd laging av skred
   Ein nøgd gjeng på toppen av Pyttegga             Her lagar vi eit snøskred
skredlære søk i skred 1
             Litt skredundervisning                   Klar til å søke
graving etter funn leiting etter sekken
            Funn betyr graving… .          ……..og leiting
fant sekken peter nøgd
         Her er sekken gravd fram…          ….og Peter er veldig nøgd.
graving av hule beate tek ein pause
Så var det graving av snøhule på programmet         Beate tek ein velfortjent pause
hula tek form 1 hula tek form 2
   Hula tek til å ta form, og dei som skal…..   …….overnatte kan prøveligge…..
overnatta i hula på heimveg 1
   Nøgde «snøhuleboara» morgonen etter                   Klar for heimtur
kos i sola joakim og solbriller
        Det vart god tid til kos i sola                 Joakim og «brillan»….