I forrige veke var elevane ved Adventura-Vatn på rundtur i Sunnmørsk natur. Framkomstmiddelet var sykkel og fjellsko med innslag av litt kajakk og klatresko.  

Fyrste etappe gjekk frå Ørsta til Øvstefeltet i Aldalen. Her vart det innføring i klatring og rappelering før vi sykla vidare til Bjørdalsvatnet og overnatta i telt.

klatre01
                   Martine rappelerer                        Tonje
                                          Førebuing til klatring
                        Steffen, Cathrine, Mali og Magnhild i lavvoen

Etter overnattinga gjekk vi igang med opplæring i bruk av havkajakk. Det var kaldt og regn, men elevane var ikkje redde for å hive seg i vatnet.

                Steffen, Martine og Simen er ferdig med øving i «kameratberging»

Neste etappe gjekk vidare til Øye i Norangsdalen kor vi starta oppturen til Slogen som ligg 1564 moh. Sola skinte, utsikten var fantastisk og dette var nok definitivt høgdepunktet på turen.

klatre04
                              Mads og Kjetil på veg oppover mot Slogen
klatre05 klatre06
            Pause med påfyll av vatn.                       Ole Martin
klatre08
                 Mali og Åsa              Lett klyving til topps
klatre09
                             Adventura-Vatn samla på toppen av Slogen

 
Etter at vi hadde vore på Slogen gjekk vi ned til Patchell hytta, laga middag og overnatta til fredagen. På fredag var det nok ein etappe ned eit brattheng til fjorden og sykling tilbake til Ørsta. Elevane har i alt tilbakelagt ca. 90 km denne opningsveka.

klatre10
       Mali, Simen og Magnhild tek ein pust på røyret i vente på at ferga skal gå.