Onsdag denne veka gjekk vi på Vallahornet og Saudehornet, som er dei næraste fjella til Møre Folkehøgskule. Dette var ein tilvenningstur i bratte vinterfjell på Sunnmøre.

                        Åsa                         Simen

Dette var vår fyrste fjelltur med ski og truger på beina. Elevane fekk erfare kva utstyr som eignar seg i bratt terreng, korleis ein vel eit sikkert vegval og ikkje minst kva som krevst av fysikk og skiferdigheiter.

                                    Adventura-Vatn førebur seg til tur
         Jon og Jørgen på veg oppover            Vallahornet i bakgrunnen
                   Mads med truger og snowboard, gler seg til nedkøyringa:)
      Saudehornet vart ein utfordring denne dagen då det låg is under puddersnøen
skitur08 skitur07
     Her er det mellom 30 og 40 grader bratt    Jørgen dei siste meterane til Saudehornet