Vi kan rapportere at Adventura-Vatn har det veldig bra i Tyrkia. Sidan 24 mars har vi vore på reisefot, og vi har fått oppleve Tyrkia sin varierte natur og kultur.

Turen starta med fly frå Oslo til Istanbul, og vidare med innanriksfly frå Istanbul til Kayseri. Her vart det mykje venting då bagasjen til meg og Fredrik ikkje var komen fram. Vi reiste uansett vidare med buss til Gøreme i Cappadokia, og bagasjen kom på døra neste morgon;). I Gøreme var vi 5 dagar og brukte terrengsykkel, ATV og joggesko for å ta oss inn i dette vakre oldtidsriket. Stisyklinga er magisk og minnar litt om ein berg og dal bane på ein anna planet. Mange av elevane fekk smaken på teknisk stisykling og hadde svært god progresjon desse dagane. Der vanlege turistar har problem med å fote seg, brukar vi sykkel uavhengig om det er bratt opp eller ned. I tillegg har vi teke tyrkisk bad og fått mykje god mat. No er vi ved Kas og dykking står på programmet. Kjem tilbake med bilete frå ein flott havkajakk-tur i Middelhavet, dykking og andre opplevingar ved kysten. Retur til Norge er 14 april.
Bileta under er frå Cappadokia.

                                  Vandring i Pigeon Valley i Gøreme
           Flott utsikt i Pigeon Valley. Snø på fjella i Kayseri i bakgrunnen.
                     Vi venter på Kebab. Tyrkisk mat er veldig godt:)
    Teknikktrening på terrengsykkel. Tyngdepunktet bak senter i bratte nedoverbakker;)
Eirik og Ine skada seg på ski i vinter og måtte bruke ATV som framkomstmiddel. Dei er no på bedringens veg og har dykka i Middelhavet.
                            Hanne ned bratthenget til White Valley.
                                   Charlotte og Sjur i White Valley
                           På veg ned bratthenget i Zemi Valley
                                             Love Valley
Tyrkisk restaurant. Nora får innføring i korleis ein opner opp ei keramikkpotte med mat.
                                Sommaren nærmar seg i Tyrkia
                                       Fargerik og variert natur
                              12 km vandring gjennom Ihlara Valley
                                           Elva i Ihlara Valley
                                       Nora og Karin i Rose Valley
   Underteikna i Zemi Valley. Ei stor glede å ta med elevar til verdas vakraste landskap.   

Sjå filmsnutt frå sykling i Cappadokia her: Zemi Valley MTB

Takk til ass.Vegard Lindland for fine bilete.