Adventura-vatn fekk ein hard start på skuleåret då dei skulle ta seg fram med eiga maskin gjennom nokre av dei flottaste dalane på Sunnmøre.
Onsdagen starta med sykkeltur gjennom Bondalen til Sæbø der vi tok ferga over til Lekneset. Derifrå sykla vi vidare til Lyngstøylvatnet der dei tøffaste fann fram badedrakta og stupte uti det kalde vatnet, til tross for at snøen allereie har komt på toppane. Etter eit kaldt bad vart det kakao og kaffi på det flotte hotellet, Hotell Øye Union. Natt til torsdag låg vi i telt like ved Hjørundfjorden og samla krefter til fjellturen opp mot Slogen. Torsdag låg skodda lavt og vi tok ikkje sikte på å støte mot toppen, men det vart ein flott fjelltur opp til 1100 moh før vi gjekk ned til Patchellhytta og koste oss med kortspel og god mat. Fredag returnerte vi ned til fjorden og avslutta med ein vel 3,5 mil lang sykkeltur heim.
![]() |
Ein sprek gjeng på tur. Adventura-vatn 07/08 |
![]() |
Fergetur frå Sæbø til Lekneset |
![]() |
Ein ivrig Petter i Hjørundfjorden |
![]() |
På veg til Øye og Lyngstøylvatnet gjennom Norangsdalen |
![]() |
![]() |
Jens Kristian i Lyngstøylvatnet | Petter og Jens Kristian |
![]() |
Kakao på hotellet |
![]() |
|
På tur opp mot Slogen i regn og skodde |