Det er no seks veker sidan kull 2009/2010 starta skuleåret. Været har vore ein stor utfordring, men til gjengjeld har det vore høg vannføring og fine forhold for elvepadling. Adventura-Vatn har den fyrste tida hatt fokus på klassemiljø, friluftsliv og grunnleggjande ferdigheiter i ulike aktivitetar. Etter haustferien reiser vi to veker til Tsjekkia.
![]() |
|
Vi har brukt sykkel som framkomstmiddel til dei ulike aktivitetane i nærområdet |
![]() ![]() |
|
Opplæring i klatring og rappelering på våte fjellveggar i Øvstefeltet |
![]() |
|
Bjørdalsvatnet: Kameratberging og padleteknikk i havkajakk |
![]() |
|
Fjelltur på Saudehornet. F.v Joar, Ingmund, Vegard, Ola, Simen og Joachim |
![]() |
|
Opplæring i elvepadling. Underteikna instruerer Ingmund i korleis ein kjem seg ut av kajakken ved velt. Mange elevar har no lært seg «eskimorulla». |
![]() |
|
Sara i Follestaddalselva |
![]() |
Samling i bakevja |
![]() |
![]() |
På veg til Urke. Ferge frå Sæbø til Lekneset | Hjørundfjorden med Slogen i bakgrunnen |
![]() |
|
Plukking av sopp i skogen på Urke |
![]() |
![]() |
Ida ser etter sikre teikn på god matsopp | Assistenten finn mengder av traktkantarell |
![]() |
Klassen er samla for tørking og rensing av traktkantarell |
![]() |
![]() |
Bølgesurfing i Hoddevika på Stadtlandet | Simen Lilleng |
![]() |
Underteikna i aksjon |
![]() |
Heidrun og Josefine ventar på ferga, noko vi har gjort mykje av i haust. |