Av: Webmaster [sist endra: 5.11.2007 kl. 15.31]
Tog med kupévogn, padling på Vltava og eit uventa snøfall:) Vi er no heimkomne frå ein fantastisk rundtur i Tsjekkia. Klikk for å lese meir frå fyrste del av denne spennande turen.
16 Oktober reiste vi avgarde til Tsjekkia. I Praha vart vi møtt av Michal, eller «Michelle» som etterkvart vart kallenavnet hans. Han er frå Tsjekkia og har gått på Møre Folkehøgskule for ein del år tilbake. Han skulle vere vår guide og ikkje minst tolk på denne turen. Etter eit kort opphald i Praha reiste vi sørover med tog til Vyssi Brod. Dette var utgangspunktet for padling på elva, «Vltava».
 |
Lisa og Petter på toget til Vyssi Brod. |
Vel framme i Vyssi Brod fekk vi grillmat på pensjonatet og ei god natt søvn. Vi vakna opp til 20 varmegrader og strålande sol. Fyrste padle-etappe var på ca.10 km frå Vyssi Brod til Rozumberk.
 |
Jentene i første stryket på turen |
 |
 |
På veg nedover |
Framme i Rozumberk. Vi overnatta på slottet til høgre |
 |
Ein flott kveld i Rozumberk. Utsikt frå slottet og ned mot Vltava |
Etter ein litt «skummel» overnatting på slottet tok vi til på den lengste padle-etappen på turen. Ca.24 km med padling frå Rozumberk til Cesky Krumlov stod på programmet.
 |
Michal og underteikna på andre etappe |
Det viste seg at tsjekkiske kilometer er litt lengre enn norske. Når vi trudde vi var halvvegs, var vi berre halvvegs til halvvegs. Humøret var uansett på topp og vi nytta pausane på land til treklatring og bålbrenning.
 |
Ein liten pause med lunch og pølsegrilling |
 |
Jørn og Jens utfordrar kvarandre i treklatring |
Etter ein lang dag på elva nådde vi fram til Cesky Krumlov. Her tok vi inn på «Hostel Havana». Dagen etter viste deg seg at snøen låg kvit utafor døra. Av den grunn vart det ein dag mindre med padling og årets første snømann vart ein realitet.
 |
Snømann i Cesky Krumlov. |