Grunna vanskeleg tilgang til nettet siste dagane i Egypt, og travle veker og sjukdom etter vi kom heim har det blitt dårleg med oppdateringar. Vi har likevel lyst å vise nokre bileter frå felukkaseglingen på Nilen og safarituren i ørkenen.

Endeleg var heile gruppa samla att, og klar for segletur på Nilen. No skulle vi på ein fire dagars tur med felukka, ein slags seglebåt. Undervegs frå Edfu til Aswan besøkte vi m.a. ein farmers village, var innom Komb Ombo, fekk sjå korleis kamelane hadde det før dei skulle på markedet, spelte volleyballkamp mot mannskapet vårt..

Nokre av oss prøvde seg som styrmenn, medan andre berre kosa seg og slappa av. Då kvelden kom, og det vart for mørkt for segling, ankra vi opp og gjorde båten klar for overnatting. Bålkos og sang på elvebredden vart det også tid til. Alt i alt ein fin tur med mange flotte opplevingar. 

Etter segleturen, var vi klar for ørkensafari. Her var vi med på «jeeptur» innover sanddynene kor vi og fekk oss ein liten spasertur, ein times kamelridning og eit varmt og godt mineralbad for å nevne noke.   

Nokre bileter frå felukkasegling og safaritur:
 

segling
volleyballkamp fel. Magnus styrmann
matlaging 2
matlaging 1 kos på dekk
felukkakos felukka lise
felukka stemning felukka stemning 1
bagdad safari adventur 007
safari erik pyramide
safari, hopping safari hopp i sanden
safari etter hoppet safari meir vatn
safari kamelridning safari torjekamel