I eit nydeleg vær nådde alle toppen.

Tirsdag og onsdag i veke 39 var det klart for tur til Sunnmørsalpane med Slogen, 1564 m.o.h., som mål. Turen gjekk innover Langesæterdalen opp til Steinreset. Her hadde vi oss ein god matpause. Vi satte sekkar og utstyr frå oss og starta oppstiginga. Nokre sleit og pusta tyngre enn andre, men alle kom til topps med eit STORT smil om munnen. Så bar det nedover igjen med Patchellhytta som mål. Åtte timar etter turen starta kunne nøgde elevar og lærarar slappe av og kose seg på hytta. Onsdag vakna vi til skodde og regn. Sekkana vart pakka, og vi rusla nedover til Skylstad i eit ikkje så altfor triveleg vær… Her vart det lunsj på låven til ein velvillig bonde. Tida medan vi venta på ferga, brukte vi på Hotell Union Øye.

P9260018 P9260027
P9260034