I veke 38 var det kystfriluftsliv på programmet.
Etter å ha delt klassen i smågrupper, og gruppene hadde fått handla inn matvarer for fire dagar, satte vi kursen for Yksnøya. Eit av måla var og bu i ein stasjonær leir der vi overnatta i militære lagstelt. Maten skulle lagas på stormkjøkken, ei utfordring i seg sjølv. Vi skulle og lære og ro trefæring, trerøring, sette garn og teiner og tilberede maten på bål. Det vart litt opplæring i ulike knuter som vert brukt i høve fortøyning av båtar m.m. Det vart fine dagar med ein ganske «bølgete» heimtur.
![]() |
![]() |
Først var det å få båtane ut.. | ..så ause dei båtane som låg ute |
![]() |
![]() |
![]() |
Ikkje heilt enkelt å få til roinga, men det gjekk bra til slutt |
![]() |
![]() |
Bjørnar fortel litt om færingen | Dobbelt halvstikk – ein av knutane vi lærte |
![]() |
![]() |
Matlaging i leiren | Ikkje heilt enkelt å få ut denne krabben… |
![]() |
![]() |
…men Hedda gav seg ikkje | Ida Oline viser fram «krabbeheisen» |
![]() |
![]() |
Stolte jenter med fin fangst… | …ein endå stoltare Ludvig |
![]() |
![]() |
Mykje arbeid for å få orden på garna igjen | Det vart og litt tid til å snorkle |