Adventura-Afrika har i haust hatt besøk av Afrikanske studentar frå mannge ulike Afrikanske land.

Knut lærer afrikansk dans   I løpet av hausten har Adventura-Afrika som eit ledd i førebuinga til den store Afrika-turen, arbeidd med å tileigne seg kunnskapar om ulike sider ved Afrikansk kultur og ulike land i Afrika. Vi har hatt kontakt med studentar og fastbuande Afrikanarara i Volda og Ørsta. Studentane går på «Norsk for Utanlands-studentar» ved Høgskulen i volda. Dei fleste har planar om studier i Norge som dei etterpå skal bruke i sine heimland. Dei har på ein generøs måte kome til skulen vår og fortalt oss mykje interessant om sitt land og sin kultur. Vi har fått innblikk i ulike land, med ulike samfunnssystem, og lært om kvardagsliv og fått smake ukjend mat, og ikkje minst lært litt dans. Desse møta har lært oss litt om at noko er ulikt og ukjent, men mykje har vi også felles som menneske. Vi har hatt besøk frå Liberia, Kenya, Etiopia, Somalia,  Tanzania og Malawi.
Afrikabesøk
Klassa med besøk av afrikanske studentar