Då nærmar Bejing-turen seg ein ende for vår del, og dette blir det siste nyheitsbrevet frå årets studietur. Avslutningsvis fekk vi i går med oss eit skulebesøk og mykje shopping med mellom anna eit kraftfullt møte med kinesisk elektro-utsalgs-kultur. Her føljer nokre bilete frå det.

01kokkeskole1b

Sjefskokken ved Jingsong yrkesskole for kokkeutdanning viser imponerande kokkekunst. Don’t try this at home!

Deilig smaksprøve til alle!

KokkeKUNST

Madeleine og Silje studerer arbeidet til ein kokkestudent

Zacharias og Aurora i eit rosa rom fullt med rosa sengar, sannsynlegvis for hudpleie og massasje.

Enormt senter for elektriske duppedingsar. Fleire selgarar enn kundar, og alle var heilt utruleg pågåande, sjølv om nesten ingen kunne engelsk. Alle butikkane solgte alle varetyper, men prisforskjellane til norske forhold var ikkje så veldig stor på så veldig mange varer.

08-elektroshopping2

Mia gjorde ein heiderleg innsats og fekk pruta ned eit videokamera til veldig akseptabel pris!

dagenspinne1dagens spark

Dagens pinne1: Klas

Dagens spark: Christian

Dagens pinne2: Martin

I dag er det Beijing på eiga hand og så samlast vi i kveld til felles Peking-and i lag med Kinalinja. I morgon tidleg går flyet mot Norge igjen, og vi landar på Gardermoen 22.15 norsk tid.

Det har vore ein heilt strålande tur og vi sit igjen med enormt mange opplevingar og inntrykk. På vegne av reiseleiarane vil eg takke for no til alle saman i reiseføljet, samt rette ein stor takk til Sumin som laga turopplegget for oss.

Takkar også for følgjet til alle lesarar av desse reisebreva.

Over og ut!

-Øyvind