Animasjonsklassa har hatt ein flott dag i Xi`an! Vi har fått omvisning på ein overdådig bymur, og møtt bonden som oppdaga terrakottahæren og gravkammeret til Kina sin første keisar. 

Etter nokre dagar i Beijing framstår Xi`an som ein koseleg småby med berre 2 mill. innbyggarar. Byen har ein imponerande og velhalden bymur som omkransar heile byen. Til tross for at muren er meir enn 30 km. lang ligg den no midt inne i byen. Klokke-signal og trommesignal frå bymuren varsla i tidlegare tider om når folk skulle starte på arbeid og når dei skulle slutte; ein tidleg variant av stemplingsuret. Vi har fått omvisning på muren og opplevd morgonritualet med vakskiftet.

Dagens hovudattraksjon var besøket på terrakottamuseet. Før besøket dit, var vi på besøk på fabrikken som lagar kopiar av figurane. Her fekk alle freiste sine modellerings-evner, og erfaringar med plastalin-animasjon kom godt med. Fabrikken knytte mykje stoltheit til sine kvalitetsprodukt og forklarte grundig om korleis desse skil seg frå det som ein før kjøpt for ingenting på gata.

Terrakottahæren vart laga for keisaren i Qin dynastiet (221-206 f. Kr). Figurane vart oppdaga i 1974 av ein bonde som var i ferd med å grave ein brønn. Bonden som oppdaga terrakottahæren sit sjølv sit inne i museet og signerer bøker. Museet som består av mange bygningar over eit stort området, huser tilsaman over 8000 soldatar i full storleik, i tilllegg til hestar og akrobatar. Det meste er intakt men noko vart øydelagt av keisaren sine fiendar etter at han var død. Terrakottahæren er ein del av grava til keisaren. Sjølve gravkammeret er lokalisert, men ikkje opna enno. Ein vil vente med dette til ein er sikker på at ingen kjem til skade, og til ein veit at det er mulig å ta vare på alt som er det på ein god måte.

Hæren er eit imponerande syn! Alle krigarane har ulike ansikt, alle er fulle av detaljar, hårfasongen og til og med mønster under skoa er individuelt. Mykje er gravd fram, men mykje står og igjen.  

Animasjonsklassa av slutta dagen med middag på ein flott restaurant, der ein og fekk sjå ei forestilling med nyoppussa dans og musikk frå Tang-dynastiet. Både musikk, sang og dans er svært ulikt det vi kan oppleve heime og i vest, – ei ny oppleving for alle.