Klassa har hatt nok ein hektisk dag i Beijing.

Dagen starta tidleg med frukost og avreise frå hotellet kl. 08:00. Vi besøkte fyrst OL- anlegga frå 2008. OL-stadion «Fuglereiret» er ein imponerande stålkonstruksjon og eit fantastisk stykke ingeniørkunst! Vi reiste derette vidare mot Mutianyu og den kinesiske mur. Dette ligg ein times køyring nord-aust for Beijing. Vi sat uendeleg lenge fast i trafikken og det var svært mange som besøkte muren denne dagen. Denne dagen var ein offiisiell kinesisk fridag og det var ikkje berre vi som hadde tenkt å dra ut på landet. Muren er enorm og imponerande, spesielt med tanke på at den er laga kun med «handemakt».  Når ein ser Beijing frå utsida er det forståeleg at også bebuarane her har behov for å kome seg ut og vere litt i naturen.

Forsøk på samle klassa til eit bilete utanfor «Fuglereiret».
Dan med det norske flagget.
Dagens pinnespiser, Jon i fin stil!
Boligområde i utkanten av Beijing.