Ein veldig trøtt gjeng animasjonselevar kom fram til Beijing laurdag morgon kl. 08:50 lokal tid. Det vart ei kort natt på flyet, då ein flyttar seg austover og dagen i Kina startar 6 timar før den startar heime. Den første dagen i Kina har vi kjent smaken av det kinesiske kjøkken, sett litt på byen, blitt kjend med vår unge dyktige guide, og ikkje minst vore på besøk på Beijing vidaregande skule nr. 63. Der har det vore litt aktivitet og vi har presentert skulen vår og vist nokre av filmane som klassa har laga i år. Neste alle greidde å halde seg vakne til middag som var kl. 18:30, men det var ei svært bleik og roleg forsamling som lengta mest etter å kome til sengs. Dagane framover er fyllt opp med spennande program. Vi legg ut nyheiter litt etterkvart.

Animasjonsklassa saman med elevar frå vg. skule nr. 63 i Beijing.

Lærarar og admninstrasjon frå denne skulen har vore på besøk i Ørsta og vi har laga ein venskapsavtale mellom skulane. Både animasjonsklassa og klassa Kina-Midtens Rike besøker skulen kvart år.

Vegard fekk raskt taket på

Fase 1: konsentrasjon

bruken av spisepinnar, – eit

Fase 2: smil

lysande eksepel for alle!

Fase 3: action!