Den første elevkvelden laurdag 4. september.

Animkl

 

2010 elevkveld plakat copy

 

Tidligare på dagen hadde elevane vore på ein utflukt til Ålesund, der dei blant anna hadde besøkt Atlanterhavsparken. Seinare same dag, blei den første elevkvelden dette skuleåret arrangert.

Det var animasjonsklassa som hadde fått ansvaret for å organisere denneelevkvelden.

Dei hadde på forhand bestemt å ha barndom som eit underliggande tema, og ønska derfor å organisere denne elevkvelden med fleire barnesongar og -leikar.

Eg vil oppsummere ideen bak elevkvelden med: Å gje elevane ei kjensle av å komme tilbake til eventyra frå barndomsdagane, til Mummidalen og til kaptein Sabeltanns rike.

 

Elevane møte opp i gymsalen i pysj eller morgonkåpe eller anna plagg rundt klokka 20:00. Sitteplassane var mattar lagt utover golvet, og heile elevkvelden blei innleia med synging av barnesongar. Etterpå vart det leikar som Stiv heks, Stolleiken og Haien kommer.

 

scena scenagym
lek lek1

I tillegg blei det haldt eit rebusløp, med fleire spørsmål knytta til barnekultur og -litteratur.

gruppe1 gruppe2
gruppe3

 

Kvelden blei avslutta med servering av kaker i spisesalen og filmvisning i Peisstua.

peisestove scena2

Alle elevane møtte opp, og vi håper at dei trivast på den første elevkvelden!

Srevet av Øystein Eiksund