21. – 26. november – animasjonslinja i Estland på Animated Dreams filmfestival.
Animasjonsklassen var i veke 47 i Tallinn, Estland, på animasjonsfilmfestival Animated Dreams. Avreise var tyrsdag kveld med buss til Gardermoen for så å ta fly til Estland via Helsinki. Vel framme var det å sjekke inn på hostel og komme oss avgårde til opning av filmfestivalen.
![]() |
![]() |
Tallinn gamlebyen | Tallinn gamlebyen |
Dag ein på festivalen var det «Voodoo» seminar og foredrag om dukkefilm. Klassen såg første del og stakk deretter til teiknefilmstudioet «Eesti Joonisfilm», der Tiina jobba då ho budde i Tallinn. Her fekk me sjå korleis animatørane jobba og kva produksjonar dei dreiv på med. Me fekk óg møte regisøøren og kunstneren av filmsukséen «Lotte», Heiki Ernits. Filmen er blitt vist på både tv og kino i Noreg.
![]() |
![]() |
«Lotte» | Heiki Ernits |
![]() |
![]() |
Teiknefilmstudio | Teiknefilmstudio |
Seinare på kvelden såg me presentasjon av dukkefilmstudioet «Nukufilm Studio» på kinoen. Dette var ekstra spesielt i år, då dukkefilm i Estland feirer 50 år. Det var konkurranseprogram etterpå, og då var det mykje nytt og spanande å sjå. Av filmar som fekk utmerkning av desse programma var «The Pearce Sisters» av Aardman Animation og vinnaren av festivalen «The Tale of How» frå The Blackheart Gang.
![]() |
![]() |
Animated Dreams | Vinnerfilmen «The Tale of How» |
![]() |
![]() |
Petter, Aslak og Max i kinosalen | Per, Tore og Rune |
Festivaldag nummer to var me på besøk på Dukkefilmstudioet Nukufilm. Der var det storyboard lagt på veggane som tapet, og dukkene stod plassert litt over alt. Me fekk omvisning av respekterte animatøren og regissøren Riho Unt som for tida held på med ein film etter songen «Lily Marleen» som dei har kjøpt rettighetar til. Handlinga er om ein soldat som tenker tilbake på livet sitt. Han ligg på bakken og rundt han er det fullt av store rotter…
![]() |
![]() |
I Dukkefilmstudio og Riho Unt | Rikke med ein dukkefilm dukke |
![]() |
![]() |
Dukkefilm | Dukker |
På kvelden fekk me sjå blant anna «Madame Tutli-Putli» som vann pris for beste design. Der hadde dei brukt ekte menneskeauger på dukkene, klypt inn bilde for bilde… imponerande! «Teat Beat of Sex» var ein film som fekk «special meantoning» grunna eit nytt syn på sex og morsam animasjon.
Laurdag var det foredrag av Peter Lord frå Aardman Studio. Dette var godt likt og eit par av elevane både snakka og tok bilde av føredragshalderen etterpå.
![]() |
![]() |
Elevene | Peter Lord holder foredrag og viser filmar |
![]() |
![]() |
Peter Lord og Kari | Peter Lord, Rikke og Linda |
Programmet på kvelden var filmar frå Aardman og avslutning av festivalen. Klassen spiste middag før mange gjekk til avslutningsfesten i Dukketeater der ein kunne vera tilskuar av det første VM i animasjon. Det var sju lag med: Finland, Estland med to lag, Tyskland, Norge, Latvia og England. Tre animatørar på kvart lag fekk ein halvtime til å animere og ein halvtime til å redigere og lydsette. Temaet var «Happyness», og det vart animert sand, ballongar, sakser og anna. Latvia fikk fyrste plass, Tyskland kom på andre og England var tredje. Svært spanande å følge med på det på storskjerm!
![]() |
![]() |
Verdensmesterskap i animasjon | Gjenstander som man kunne bruke til å animere |
Sundag var det avreise. Fly via Helsinki med god tid til Tax-free, og buss heim att frå Gardermoen. Mandag var det fri for å sove ut.
Det har sjølvsagt óg vore ein del tid til shopping og god mat. Me har verkelig kosa oss på turen… Takk for turen!
![]() |
![]() |
Hanna og Maria | Hm… hvem er de? |
Skrevet av Kari og Tiina