Klubben ved Møre Folkehøgskule har kvart år avslutning før jul i desember. Det blir alltid stor stemning når bandet Merkesteinane med ein engasjert vokalist i spissen, spelar opp til dans!

Når juletreet er på plass og snøen skaper julestemning er det klart for juleavslutning for Klubben. Tradisjonen tru var «Merkesteinane» trekkplasteret som spela til dans. Det vart servert tradisjonell julegraut med mandel , og programmet var snekra saman av folkehøgskulen sine elevar, –  mange kjekke innslag med song og dans.

For dei som vil lese meir om «Merkesteinane», kan ein sjå web-sida til bandet her.