Ennå ein i Beijing dag er unnagjort, og tida flyg av garde! Dagen i dag har bestått av:
Sol, sommar og shopping, palass, pizza og  pruting.
I tillegg fekk halvparten av oss med oss eit fantastisk kung-fu-show.

Og vi gjer som i går; bileta får tale for seg sjølve:

1

Marius poserer framføre ein båt av marmor i Sommarpalasset

2b

Alexander og Torstein Johan i Sommarpalasset

Ein østers full av perler

3

Dag ser på perlene som Aurora kjøper seg på det enorme perlemarkedet

4a

Elevrådsleiaren viser sitt talent

Inspektøren pruter så det spruter

5a

Gutar kan også shoppe! Torstein og Nils her…

..og Zacharias og Lars her, etter 2 timar på fakemarkedet

Marius poserer velvillig med nypruta morgonkåpe

Torstein er særs nøgd med dagens middag:
pizza og pommes frites! Forandring fryder faktisk!

7b

Thomas med konsert i bussen på veg til…

…KUNG FU MASTERS!

Turens høgdepunkt sålangt for mange! Enormt kult!

 

Til slutt, dagens pinne. I dag vart dette ei som har masa fælt kvar dag om å få bli kåra til dagens pinne, nemleg Åsa. Juryen gratulerer som vanleg!

I morgon tidleg reiser vi til den Kinesiske muren ved Juyongguan. Deretter kjem vi til  å køyre til ein liten landsby i nordvest som heiter Xiaofengying. Der skal vi treffe lokale bondefamiliar, ete middag og tilbringe kvelden og natta hos dei. Dette er vi svært spente på, for det blir nok eit totalt anna Kina vi får møte då.

På grunn av at det er svært tvilsamt at det er internetttilkobling å få tak i i Xiaofengying, tvilar eg på at det blir noko rapport frå oss i morgon, men vi vil då sjølvsagt kome sterkt tilbake måndag med bilete frå dei tinga vi har opplevd. Då har vi også fått på plass Kinaklassa her på Red Wall Hotell i Beijing, og vi gler oss til å treffe dei igjen!

Ha det bra så lengje!

-Øyvind