Elevkvelden sist laurdag fekk gode bidrag frå Nederlandske studentar som er på besøk ved Møre Folkehøgskule.

Frå fredag til søndag har Møre Folekhøgskule husa ei gruppe dans- og drama- studentar frå Nederland. Dei kjem frå besøk i Trondheim og skal vidare til Oslo og vere med å ulike aktivitet på universitet og skular der. Studentande kjem til Ørsta / Volda  hovudsakleg for å vitje høgskulen og lære litt om dramautdanninga der. Dei har også vore ein tur i Aasentunet og lært noko om nynorsken far. Ved skulen vår har dei fått ein del informasjon om folkehøgskulen generelt og om vår skule spesielt. Laurdagskvelden var dei med på elevkveld og bidrog med stort engasjement og flott program

1 Besøk frå Nederland

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Studentar og lærar frå Nederland på scena under elevkvelden på laurdag.

2 Blide programleiarar
Lisbeth og Marthe var blide og engasjerte programleiarar som gjennomførte alt program på engelsk i høve besøket.

«Backstage» har arrangementskomiteen full kontroll over kveldens show.
Studentane var tydeleg scenevande og skapte stor begeistring med songar og skestjar med stor innleving.
5 Appelsiner og sang