Etter lang tid med oppussing og flytting er omsider alle bøker, tidsskrift og datamaskiner på plass på det nye bibliotektet ved Møre Folkehøgskule.

Flittige vaktmeistrar har langsmed alt anna arbeid tatt tak i oppussingsprosjektet som no har blitt til bibliotek. Golv, tak og veggar er fornya frå grunnen av. Nye hyller er komne på plass, bøker er sortert, møblar er sett inn, og alt er klart til bruk. Vi håper biblioteket blir ein plass for undervisning, tileigning av kunnskap, lesing og sosialt samvær i det nye skuleåret. Velkomen!

 

Lasse og Kjetil har vore hovudoppussarar for bibliotektet. Databordet er «Lasse-design».
diverse 019
Sortering og alfabetisering.

 

God dugnadsånd gir gode resultat!

diverse 020