Nye utfordingar og erfaringar for alle elevane: veke 47 er ei spesiell veke ved skulen. Alle elevane frå denne veka høve til å prøve ei anna linje enn den dei høyrer til ved til dagleg. 20 elevar er med adventura på tur til Dollsteinhola og til Runde (bilete kjem seinare), medan resten er på skulen og prøver ut nye fagfelt.

Det har vore stor aktivitet ved skulen denne veka. Ein del av elevane er borte på tur, medan har andre lange dagar med filming og redigering. Sepsielt TV/Film klassa har det travelt, då dei skal lære om filming, redigering og sending på tre dagar. Målet er å produsere ei TV-sending som skal visast på direkten på torsdag.

Kinaklassa får ei hurtig innføring i ulike emne knytt til Kina, og Animasjonelevane får i utfordring å produsere filmsnuttar som også skal visast på torsdag. Vi har denne vekek også ei linje som vi elles ikkje har dette året; forming. Mange har valt dette, og her er det mange ulike aktivitetar i gang, keramikk, veving, hekling, strikking og andre kreative aktivitetar.

  Gammal mann som får nytt liv med animasjon

Kenni med sin egen heimeknytta hund..

 

 

 

 

 

 

romantiske rosa ringer