MF Kulturreiser går nye vegar, eller syklar nye stiar og arrangerer stisykling i Cappadocia 16. til 24. august 2014. Joar Wæhle, lærar ved linja Adventura Ekstremsport på Møre Folkehøgskule, kjenner Cappadocia etter mange turar dit i lag med elevar. No vil han gjerne dele dette fantastiske området i Tyrkia med fleire.

MF Kulturreiser sine turar har tradisjonelt vore tilrettelagt for meir vaksne deltakarar, men vi har skreddarsydd ein tur for deg som likar fart, spenning, utfordring og aktivetet, og byr på denne reisa til Cappadocia i Tyrkia. Ta ein kikk på programmet og sjå om dette appellerer til deg.

Ja? Du kan melde deg på her.

Litt usikker? Ta kontakt med Joar joar.wahle@more.fhs.no eller på kurs@more.fhs.no så gir vi deg gjerne meir informasjon.

Ikkje? Har du ein venn eller ei venninne som er glad i å sykle? Send linken til turen vidare.


Du er velkommen til å bli med på fantastiske opplevingar i Cappadocia!