Siste dagen i Beijing gjekk m.a. med til eit besøk i eit animasjonsstudio, eller rettare ei animasjonsbedrift. 400 personar arbeider med å lage store og små teiknefilmsproduksjonar

I lokala til «Dream Animation» utanfor Beijing fekk vi sjå og oppleve korleis eit profesjonelt animasjonsfirma arbeider. Produksjonen var i prinsippet organisert på same måten som vi kjenner det frå folkehøgskulen; eit rom med arbeidsplass for den enkelete for teikning, ein stasjon for fargelegging og redigering, lydstudio og møterom. Hos «Dream Animation» var sjølvsagt dimensjonane betydeleg større. Firmaet har Kina sin statlege TV-kanal; CCTV som sin desidert største kunde. Dei produserer action-seriar, småfilmar og reklame. Vi vart tatt godt imot, fekk omvisning og god informasjon.

Himmelens Tempel.

Kinesarane er med god grunn stolte av landet si lange historie. Å besøke den Kinesiske mur er sjølvsagt eit høgdepunkt på turen, men vi har og fått sett mange andre monumentale byggverk som alle har eller har hatt ein viktig funksjon og ei spennande historie. Dei fleste historiske stadane i Kina og Beijing er no opne for turistar, og vi har hatt med ein god guide som har formidla passelig med informasjon om kva og korleis dei ulike bygningar har blitt brukt til.

Midt i asfalt- og betongjungelen som Beijing i stor grad består av, finn vi ein stor park som omkrinsar «Himmelens Tempel». Hit kom keisaren to gongar i året for å be til gudane om god avling.