«Singasongwriter» Egil Olsen held sist fredag konsert for elevane. Det var stor stemning og ein fin kveld i peisestova.

Egil Olsen er ein ven av huset og har oftast ein konsert i løpet av skuleåret. På tross av Egil sin stadig aukande kjendisstatus var det for dei fleste av elevane eit nytt bekjentskap. Har er i ferd med å gje ut sin tredje CD – «keep movin – keep dreamin» og presenterte ein del nytt stoff frå denne, men kom og med mange gode gamle «hits» frå tidelegare produksjonar. Egil sine plater kjem og på vinyl, og som ein kuriositet kan ein ta med hyllingsvinylplata som er laga av gode vener, der andre artistar framfører Egil sine låtar. Konserten på Møre folkehøgkule innleia Egil sin konsertturne i Kina i mai.  Les meir om plater og konsertar på www.egilolsen.com.

Egil Olsen på vinyl