Tirsdag, onsdag og torsdag i veke 17 var vi på tur i Tafjordfjella.
Endeleg var det klart for vårskitur. 40 elevar og 2 lærarar sette kursen mot Grotli. Vermeldingane var litt «ymse», men vi var ved godt mot. I eit nydeleg ver traska vi innover til Danskehytta som ligg 1440 m.o.h. Nokre valgte å gå over Hellstugueggi 1668 m.o.h. Dag to starta med «grauttjukk» skodde så planlagt topptur vart fort lagt på is. I staden vart det igloobygging, øvelsar i å gå i tjukk skodde, hoppbakkebygging med konkurranse og kos i sola som etterkvart dukka fram. Dag tre vart brukt til pakking, vasking og opprydding før alle 40 + lærerane gjekk Hellstugueggi tilbake, med sol frå skyfri himmel.
![]() |
![]() |
Nesten klar til start. | |
![]() |
![]() |
Ikkje kvar dag vi må GÅ langs eit skitrekk, men med sol går alt bra. | |
![]() |
![]() |
God merking i Tafjordfjella av DNT. | 1668 m.o.h. Marte, Iris og Bente. |
![]() |
![]() |
Avslapping undervegs. | Danskehytta i sikte – jippi! |
![]() |
![]() |
I full gang med igloobygging. | |
![]() |
|
Ingrid nyt utsikta frå iglooen, som etterkvart vart ganske høg… | |
![]() |
![]() |
Byggverket nærmar seg slutten… | ….og klar for soving. Trude er iallefall klar |
![]() |
![]() |
Marte + + vil og prøve natta i igloo. | Avslapping i solveggen mellom øktene. |
![]() |
![]() |
Klar for hoppkonkurranse. | Juryen er òg klar. |
![]() |
![]() |
Henrik la inn ein god søknad til vinnarhoppet, | men ingen klarte å slå Espen. |