Så var det tid for å prøve våtdraktar og ABC utstyr
I veke 38 hadde Adventura Egypt kurs i fridykking. Etter ei fem-timars teoriøkt mandag, og to timar i bassenget tysdag, var vi klare for snorkling/dykking i sjøen. Ferdig påkledd i våtdraktar satte vi oss på syklane og tråkka gjennom Ørsta sentrum. Ei heilt vanleg hending når du er folkehøgskule-elev..Vel framme på «vekslet» bar det rett i sjøen. I vel ein time låg vi og kosa oss, og såg både krabbe, flyndre og anna fisk. Dette gav meirsmak.
![]() |
![]() |
Klar for sykkeltur | Mykje skal ordnast før vi er klare for sjøen |
![]() |
![]() |
Så er det berre å rygge seg uti.. | Kan det være Stine mon tru?? |
![]() |
![]() |
Ine kosar seg | Kva gjer ein ikkje for fotografen.. |
![]() |
|
Gjengen samla på flåten |