Denne veka var utfordringane kystfriluftsliv på Yksnøya. Her skulle vi bu i militære lagstelt, tilberede mat på bål og stormkjøkken

Så var vi klar for eit liv på gamlemåten, nesten iallefall.. Vi skulle prøve ut garnsetting, egning av krabbeteiner og få dei i sjøen, fisking med stang, roing med ulike trebåta.. Etterkvart som fangsten kom til land, skulle den tilberedast og gjerast klar til koking /steiking. Og fangst vart det frå lyr, torsk til krabbe og hummar. Lyr vart filitert, pakka i folie. Krabbe og hummar vart kokt i sjøvatn. Det vart og servert steikt albueskjell, noko som vart ulikt tatt imot. All «sjølvhenta» mat vart tilberedt på bål. Det var godt å komme til ei øy kor det ikkje finnst bilveg, kor tida berre går utan at vi heile tida skal rekke noko. Dei fleste av oss sit igjen med fine opplevingar og inntrykk etter «øyturen»

                                              Topptur – 36 m.o.h

                 Leirplassen

 Tine sulten eller, Stine gjer så godt ho kan
  Spennande å sjå om det vert noke fangst        Lyr var noko av det vi fekk
                                     Stoltheten vår – ein kjempehummar
   Kristin «øvar» seg i å halde hummaren…   …medan Miriam pakkar lyrfilear i folie.
      Krabbeklo – ganske fin størrelse   Greiing av garn, ein viktig del av jobben
       Klart for koking av hummaren        Her er det berre å forsyne seg
                                          På tur med eine færingen

  Ikkje heilt enkelt å ro seksringen i takt       Så skulle båtane inn i naustet
                       Litt nostalgi frå Yksnøya – ei god gammeldags kjerre