Neste skuleår vert Beijing og Shanghai studiestaden til to tidlegare elevar på Kina – Midtens rike.

Eit år på Kina – Midtens rike sett sine spor.
For mange betyr det minner og opplevingar. For mange betyr det kunnskap, forståing og innsikt i ein annaleis kultur og tenkemåte. For alle betyr det gode venner, fellesskap og tung koffert tilbake til Norge. For nokre betyr det tapt hjerte og ei framtid der interessa for Kina vert studie – og seinare yrkesvalg.
Vi ønskjer Kjersti og May Liss lykke til med studiane i Kina!

Kjersti på Lilong Håp Skule februar 2005
Kjersti frå Kinaklassen 2004/05 var på Lilong Håp Skule på besøk i februar 2005.